-
gått i mot at staten overtok styringa og eigarskapet av sjukehussektoren fordi vi ønsker full offentleg og politisk styring av helsevesenet.
-
Kjempa i mot nedlegging av fødetilbodet ved Storken, Haukeland Universitetssjukehus og i mot nedlegging av lokalsjukehus og avdelingar på Voss, Stord og Odda.
-
Hatt eit tett og godt samarbeid med brukarorganisasjonar for å styrka og ivareta transportordninga for rørslehemma.
-
Gått i spissen saman med elevorganisasjon mot samanslåinga av vidaregåande skular i fylket.
-
Stått fast ved tidlegare vedtak om utbygging av vidaregåande skular, som det einaste partiet.
-
Vore ein pådrivar for å oppretthalde gratis skuleskyss.
-
Fremma forslag om å få fylkeskommunane til å sei nei til krigen mot Irak.
-
Fremma fleire forslag for å styrka kollektivtransport gjennom lågare pris og auka investering ?for fortsette ?med kvalitetsavtalar med selskap og mot anbodsutsetting.
-
Komme med framlegg om gratis skulebøker i dei vidaregåande skulane i Hordaland.
-
Oppretting av familievernkontoret på Stord.
-
Krav om livsnøytrale helsestasjonar for ungdom, samt kutta i stønaden til Alternativ til abort i Noreg ( AAN).
-
Fremma krav om tariffavtale for dei tilsette ved pasienthotellet på Haukeland.
-
Føreslått å auka og betra vegvedlikehaldet i staden for nye prestige prosjekt.
-
Hardangerbrufondet skal oppløysast g midlane skal nyttast til rastrygging og næringsutvikling i Hardanger.
-
Fremma forslag om prøveprosjekt med 6-timars normalarbeidsdag.
-
Fremma forslag om at fylkeskommunen skal få større løyvingar frå staten, slik at det er meir samsvar mellom faktiske utgifter og folk sine velferdskrav.