Hordaland RV på Fylkestinget - valgprogram 2003-2007

Energipolitikk: Trygg, sosialt rettferdig og miljøvenleg

RV vil ha ein trygg, sosial rettferdig og miljøvenleg energipolitikk. 

På Fylkestinget vil RV:

  • Freiste å avskaffe den liberale energilova og ha langsiktig leveringstryggleik på vasskraft
  • Føreslå to-pris-system for elektrisitet for å stimulera til sparing.
  • Føreslå utbygging av fornybare energiformer: bioenergi, varmepumpar, vasskraft i småskala, vindkraft, solvarme. Energipotensialet i desse kjeldene er stort nok til å dekka ?det overskuelege? krav i Noreg, og denne løysinga gjev fleire arbeidsplassar enn andre løysingar.
  • Arbeide mot utbygging av gasskraftverk i Noreg, men noko av gassen som vert teken opp bør nyttast som industriråstoff.
    Arbeide for at ein skal nytta gassdrivne ferjer.
  • Koma med framlegg om plan og oppstart for utskifting av el- og oljebasert oppvarmingsanlegg i fylkeskommunale bygg.