Kraftsalve fra Odda
13.09 fremmer Terje Kollbotn denne interpellasjonen i kommunestyret i Odda.
08.09.2006 10:03
INTERPELLASJON OM KRAFTPOLITIKK TIL
KOMMUNESTYREMØTET I ODDA 13.SEPTEMBER 2006.


Mange er i dag sterkt bekymra for dei høge kraftprisane både til alminneleg forsyning og den kraftforedlande industrien. Det er eit paradoks at det blir stadig billigare å produsere vasskraft, samstundes som kraftprisane aukar og dei store kraftselskapa håvar inn milliardar i profitt.

Den nye energilova innebar ein marknadsliberalistisk kraftrevolusjon ? der vasskrafta etterkvart vart ein vare i ein internasjonal marknad istaden for ein samfunnsressurs og eit industripolitisk verkemedel.

Her i Odda kommune blir det produsert meir kraft enn noen gong (nærare 5 TWh eller 5 milliardar kilowatttimar i året) samstundes som stadig meir (meir enn ¾ av all produksjon) blir eksportert ut av kommunen. I denne situasjonen slit industrien med å få dekka sitt kraftbehov og innbyggjarane slit med straumrekningane.

Etter RV sitt syn har Odda kommunestyre eit politisk ansvar for å medverke til å sikre nok rimeleg energi til innbyggjarane og resten av lokalsamfunnet, inkludert storbedriftene Boliden Odda og TTI. Her trengs både lokale initiativ og felles politiske krav til regjering og storting.

På denne bakgrunn vil eg reise fylgjande spørsmål / initiativ:

Kva initiativ vil ordføraren ta ovafor Odda kommunestyre for å sikre nok rimeleg kraft til innbyggjarane, storbedriftene og resten av næringslivet både i vinter og på lengre sikt?

Vil ordføraren invitere Odda kommunestyre til å stø kravet frå Norsk Pensjonistforbund til regjeringa om momsfritak på straumregninga som eit strakstiltak frå 1.oktober 2006 til 1.mai 2007 på forbruk inntil 12000 kWt for vanlege hushaldningar?

Vil ordføraren stø Odda RV sitt forslag om å prosjektere og byggje ut eit vassbore oppvarmingssystem på den tidlegare smelteverkstomta, på den nye Almerke bydel og i resten av Odda sentrum ? og ta initiativ til å få utforma ein søknad til sentrale styresmakter om tilskot til dette?


Helsing Terje Kollbotn ( kommunestyrerepresentant / gruppeleiar for Odda RV)